Treningsrommet på stasjonen

Treningsrommet på stasjonen

Tilgang til treningsrommet på stasjonen

Er du interessert i å bruke treningsrommet på Lesjaverk stasjon?
Da må du betale halvårsavgifta.
Dei som har betalt, får koden til nøkkelboksen. Der ligg nøkkelen til døra.

Prisar:

Enkeltperson (ungdom og vaksen): 400 kr
Familie (to vaksne og ungar under 16 år): 700 kr


Året er delt slik:
Sommar: Mai – OktoberStyrkeapparat
Vinter: November – April

• Betal til Lesjaverk Grendautvalg
• Kontonr: 2085 27 60401
• Merk betalinga med halvårsavgift, namn og mobilnr til den som skal bruke rommet.
• Bruk helst nettbank!
• Ta kontakt med kasserar på 480 43 862 om du treng giro.

Når betalinga er registrert, får du ein sms med koden til boksen. Koden blir skifta for kvart halvår, og du skal ikkje fortelje han vidare.

Dette opplegget er basert på tillit, og grendautvalget håpar og trur at folk respekterer reglane og er ærlege.

Reglar for bruk av treningsrommet

• Du må betale halvårsavgifta for å få tilgang til rommet.
• Ungdom under 14 år skal ikkje bruke rommet utan tilsyn av vaksne.
• Ungdom under 16 år skal ikkje bruke utstyr med vekter.
• Sett av deg uteskoa. Bruk innesko eller berre sokkar!
• Det er ikkje tillate å låne med seg eller ta utstyr ut av rommet.
• Bruk apparata slik dei skal brukast. Feilbruk kan føre til skade både på personar og utstyr.
• Ta omsyn til andre brukarar når fleire bruker rommet samtidig.
• Hald orden på treningsrommet. Rydd utstyr på plass og tørk av utstyr med papir og sprayvask etter bruk.
• Meld frå om det er skade, feil eller manglar på utstyret. Send sms til 959 14 347.
• All trening skjer på eige ansvar!

GOD TRENING!

Sletten og Verket Grendautvalg