Fyryjul 2011
| Publisert 03.12.11 | Sist endra 09.12.11 |
Da var hovedprogrammet av årets Fyryjul vel overstått! I morgon fortsét julestemninga i Lesjaverk kyrkje kl. 11.00 med synging av julesangar og julekaffe etterpå. I tillegg er det ope utstilling på Lesjaverk stasjon kl. 12.30 – 15.00 for dei som er interesserte.
Trykk her for å sjå fleire bilete!
Vil du bidra med bilete til fotogalleriet? Legg til bilete!
Fyryjul nærmar seg
| Publisert 11.11.11 | Sist endra 03.12.11 |
Neste helg er det duka for Fyryjul på Lesjaverk! Vi håpar at flest mogleg vil ta turen innom fleire av stasjonane du kan sjå på programmet nedanfor, så for å kome i stemning – ta gjerne ein titt på bileta frå fjorårets Fyryjul! Til anledninga har også Vigga skreve eit stykke om årets Fyryjul du kan sjå her.
Velkome!
Program:

Solheim ferdig beisa
| Publisert 26.09.11 | Sist endra 26.09.11 |
Laurdag 24. september tok ein gjeng fatt og beisa dei opp Solheim i riktig dugnadsånd. Resultatet vart strålande, som du kan sjå under.
Vi minner også om at Solheim Grendahus kan leiges ut til alle arrangement, frå møter til festlige lag. For meir informasjon og bestilling, sjå Solheim Ungdomslokale!
| Publisert 02.09.11 | Sist endra 02.09.11 |
Sjå plakaten her: sykkeldag 2011
Lesjaverk Grendautvalg vil gjenta suksessen frå i fjor og arrangerer
SYKKELDAGEN
”HALVE LESJASKOGSVATNET RUNDT”
LAURDAG 3. SEPTEMBER KL. 13
Sykkeltur med aktivitetar for store og små.
Start ved Lesjaverk stasjon
Kort løype: Stasjonen – Soggje – luftgeværskyting på baksida – attende til Soggje
Lang løype: Stasjonen – Soggje – luftgeværskyting på baksida – Tandsetra – gangvegen – Soggje
Gratis deltaking
Ta med grillmat!
Det blir grilling, premieutdeling, kaffe og loddsalg ved Soggje til slutt. Om veret blir dårleg, grillar vi ved Solheim og et inne.
|
|
|
|
VELKOME!