Lesjaskogsvatnet Fiskeforening

Lesjaskogsvatnet Fiskeforening blei stifta i 1894, og består no av styremedlemmene Kjetil Espeseth, Morten Sanden og Arvid Brandlistuen. I vårt intervju med formann Kjetil Espeseth kan du lese meir om fiske på Lesjaskogsvatnet:

Kor mykje fisk blir fanga kvart år?Lesjaskogsvatnet
– Mellom 4 og 6 tonn harr og aure.

Kor mange fiskekort blir solgt i løpet av året?
– Rundt 1100 kort, innanbygds og utanbygds.

Kor får ein kjøpt fiskekort?
– I alle butikkar frå Lesjaverk til Bjorli, i tillegg til Bjorli Bensin og Service, Aaheim Camping, Lesjaskogsvatnet Camping og på internett.

Er det flest båtturistar eller fiskarar på vatnet?
– Dei fleste er på vatnet for å fiske, men det er også mange båtturistar som ferdast både med båt, kano og kajakk.

Kor mange hestekrefter er det lov å ha på båtmotoren?
– Opptil 8 hestekrefter er lov.

Kven har lov til å fiske?
– Alle med fast eiendom (innen og utenbygds) mellom Sanden og Stueflotten kan fiske med stang, oter og garn. Garnfiske er tillatt om våren og i August (10 første dagene i August kun for innenbygds). Oterfiske i Juli (Vis hensyn til folk med oterfjøl ute).

Korleis går det med fjerning av siv og gras?
– Det går bra, til no har vi fjerna det verste graset på søre vatnet. Prosjektet fortsett ettersom dei har kapasitet.

Kva vil ein eventuell utbygging av Valåe si for Valåe som gytebekk?
– Ettersom gytinga vil foregå nedanfor kraftstasjonen meiner dei at det ikkje vil ha noko å seie, sidan vassføringa nedenfor kraftstasjonen blir uforandra.

Kor finnes det gapahuker?
– Det er no sett opp ein gapahuk ved Petterson på Lesjaskog, og det vil komme fleire langs vatnet, kanskje allerede i år. I tillegg er det ein gammel ein ved Gånodden på midtre vatnet.