Fysisk aktivitet i Lesja

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og naturoppleving for 2014 – 2017 i Lesja kommune, vart vedteke i kommunestyret 12. juni 2014. Planen er ein revisjon av tidligare plan vedteke i kommunestyret i 2009.

Kulturdepartementet stiller krav om at det i kvar kommune skal utarbeidast ein tematisk kommunedelplan for fysisk aktivitet som grunnlag for behandling av søknader om spelemidlar. I tillegg til minstekrava frå departementet, er det i dette plandokumentet fokusert spesielt på god og brei medverknad, samarbeid med frivillig sektor og med nærmiljø og naturen som mangfaldig arena for fysisk aktivitet og gode opplevingar.

Kommunedelplanen er eit politisk dokument og skal vera ein styringsreiskap for å oppnå kommunens målsettingar innan området fysisk aktivitet, idrett og naturopplevingar. Føremålet med revisjonen er også å oppdatere planen for å sikre at nye sentrale føringar, samfunnsendringar og endra behov blir teke inn. I tillegg har det vore viktig å gjennomføre ein brei prosess for å inkludere befolkninga i Lesja og andre interessentar og gje dei moglegheit for medverknad. 1 klassingar på Lesja og Lesjaskog skule har bidrege med flotte teikningar til planen. Plandokumentet gir ei oversikt over status, og det konkretiserer og utdjupar kommunens målsetting og engasjement på dette området i kommande fireårsperiode.

Det er vår målsetting at planen skal danne eit godt grunnlag for satsing og tilrettelegging for idrett, fysisk aktivitet og naturoppleving i Lesja kommune. Dette også som ein viktig del av folkehelsearbeid i kommunen. Vi håper vidare at planen blir eit positivt utgangspunkt for samarbeid mellom kommunen, innbyggarane, frivillig sektor og næringsliv.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og naturoppleving