Tilgang til treningsrommet

Treningsrommet på stasjonenSommarsesongen er i gang!
– og det er tid for å betale ny halvårsavgift.
Nøkkelboksen får ny kode 1. mai

Er du interessert i å bruke treningsrommet på Lesjaverk stasjon?
Da må du betale halvårsavgifta.
Dei som har betalt, får koden til nøkkelboksen. Der ligg nøkkelen til døra.

Prisar:
Enkeltperson (ungdom og vaksen): 300 kr
Familie (to vaksne og ungar under 16 år): 600 kr

Året er delt slik:
Sommar: Mai – Oktober
Vinter:   November – April

Betal til Sletten og Verket Grendautvalg
Kontonr: 2081 21 05168

Merk betalinga med halvårsavgift, namn og mobilnr til den som skal bruke rommet.
Bruk helst nettbank!

Ta kontakt med kasserar på 41 29 97 07 om du treng giro.
Når betalinga er registrert, får du ein sms med koden til boksen. Koden blir skifta for kvart halvår, og du skal ikkje fortelje han vidare.

Dette opplegget er basert på tillit, og grendautvalget håpar og trur at folk respekterer reglane og er ærlege.

GOD TRENING!
Sletten og Verket Grendautvalg

Les også...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Anti-søppelpost * Time limit is exhausted. Please reload the CAPTCHA.