Flott markering av Lesjaverk utvikling

Laurdag 2. oktober vart resultata av Lesjaverk utvikling sitt arbeid markert. Det var bra oppmøte på seminaret på Solheim. LU fekk mykje positiv omtale for arbeidet som har vore gjort dei tre åra prosjektet har vore i gang.

Etter seminaret var det høgtideleg klipping av snor og opning av Baksida sykkelveg. Så var det klart for sykkelløpet «halve Lesjaskogsvatnet rundt». Det var ulike aktivitetar og servering undervegs, og både små og store såg ut til å ha ein triveleg tur. Arrangørane var på førehand svært spente på veret, og heldigvis vart det opphalds og brukbar temperatur. Etterkvart kom syklistane i mål på Solheim, og der venta det suppe og rundstykker, kaffe og kaker. Alle fekk T-skjorte som premie, i tillegg vart det kåra vinnarar av saging og oppgåver/skyting.

Ordføraren klipper snora.

Vebjørn hadde det fint i sykkelvogna

Sigmund og Tor sto for saginga. Her er det Harald som prøver seg.

Denne grevlingen var eitt av 22 dyr som var utplasserte langs løypa. Det var veldig spanande for ungane å leite etter dyra.

Mats siktar på ballongane. Joakim og pappa Hallvard følgjer med. Bjørn instruerer.

Gode kaker til alle på Solheim.

Torill og Frøydis deler ut T-skjorter til ungane.

Det var stas å få T-skjorte!

Mykje folk og høg aktivitet på Solheim. Elias vart varm!

Les også...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Anti-søppelpost * Time limit is exhausted. Please reload the CAPTCHA.