Opning av gangvegen

No er gangvegen mellom Lesjaverk og Lesjaskog endeleg offisielt opna. Det var ei flott markering på Lesjaskog tysdag 29.juni. Les meir og sjå bilde

Tysdag 29. juni var det klart for den høgtidelege opninga av gangvegen mellom Lesjaverk og Lesjaskog. Grendautvalga for Lesjaverk og Lesjaskog hadde ansvar for servering av kaffe/juice og kringle/bollar.  Veret var kjempefint og oppmøtet var bra. Det kom ungar frå alle barnehagane i kommunen. Programmet inneheldt både talar og kulturelle innslag. Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sørga for klipping av snora. Det vart ei fin markering og feiring av det unike samarbeidet mellom grunneigarar, kommune og vegvesen som har resultert i 35 km gangveg gjennom bygda. Vi gledar oss til alt er fullført, og vi får gangveg gjennom heile kommunen.

Mykje folk på Lesjaskog.

Kari, John Helge, Audny og Heidi frå Lesjaverk grendautvalg. Bak Doreen (og Celine) frå grendutvalget på Lesjaskog.

Kleppa klipper snora, og ungane passar på. Regionvegsjef Sissel Sandelien til venstre.

Les også...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Anti-søppelpost * Time limit is exhausted. Please reload the CAPTCHA.